Parmelia as er eit privateigd foretak som leverer konsulenttenester, foredrag/kurs og gards/naturopplevingar. Verksemda er ”paraply” for merkenavna Humørbonden, Bestefarstova og Hjelmås Hestesenter. Vi er lokalisert på Hjelmås i Lindås kommune, Nordhordland

13. Sep 2011
Kræsjkurs for jobbskaping
Humørbonden har saman med gode vener utvikla eit heilt nytt kurs for jobbskaping  Han er kursansvarleg for Kongsvinger, der NAV Hedmark er oppdragsgjevar.  Første kursdag er 19.9.2011
Les meir under Norsk Humørgard

13. Sep 2011
Velkomne til BI Bergen!
Vi ynskjer Handelshøyskolen BI Bergen velkomne 22 september på den etter kvart tradisjonsrike opninga av "Leadership in Action"
Les meir under Bestefarstova

13. Sep 2011
Kreativitetsakseleratoren sitt hovedarrangement for hausten 2011 skjer i helga 30.9-2.10
Dette tek form av ei Livskraftutveksling, med tilreisande ildsjeler frå heile landet, så vel som med lokale folk frå Humørbygda. 
Les meir under Bestefarstova

26. Mar 2011
Vellukka startskot i KreativitetsAkseleratoren
Onsdag 26 mars 2011 vart det nasjonal lansering av KreativitetsAkseleratoren i Bestefarstova
Les meir under Bestefarstova

14. Mar 2011
LEDIGE DATOAR
På grunn av bemanningsauke har vi betre kapasitet, og dermed ein del ledig tid i Bestefarstova ut over våren.
Les meir under Bestefarstova

14. Mar 2011
Vil du prøve Bestefarstova som møtelokale? Her er gratis-sjansen!
I april 2011 har vi sett av 3 datoar for firma, lag og organisasjonar som får gratisprøve på Bestefarstova som møtelokale.  Grip sjansen!
Les meir under Bestefarstova

14. Mar 2011
Informasjonsmøte om kreativitetsakselerator 23.3 2011 kl 18
Eit nytt samarbeidsprosjekt med Livsverkene er på gang, kom i  Bestefarstova den 23.3. 2011 kl 18 og høyr meir.  Det vert mykje informasjon, diskusjon og slentring.  Pluss kakao.
Les meir under Bestefarstova

06. Feb 2011
Nytt opplag av bøker er på plass
"Båten blir til mens du ror" og "Beina på Bordet" har i ein liten periode vore utselt frå vårt lager, men vi har no fått trykt nye opplag. Dei kan bestillast over nett, eller i samband med foredrag.

06. Feb 2011
Ny bok!
Humørbonden er snart klar med nytt manus! Boka skal heite "Fem ballongar og eit pinnsvin" med undertittel "Humørbondologiske tankerekkjer og Generell Bygdedyrlære".  Boka kjem ut på eige forlag, og vert t

06. Feb 2011
Godkjenningstidspunkt for reguleringsplanen nærmar seg

Vi vonar at reguleringsplanen vert vedteken i februar 2011.


Les meir under Hjelmåsen

 
Parmelia


Aktivitetar som skjer i nær framtid!


Parmelia as - etablert 1992 -
Her på garden Hjelmåsen har vi organisert våre næringsaktivitetar gjennom foretaket Parmelia as. På denne sida får du eit kort oversyn over kva vi tilbyr, og viser fram til å kunne møte deg for å diskutere om vi har tenester som du kan gjere deg nytte av.

Foredrag og kurs

Geir er etter kvart mykje nytta som foredragshaldar i eigenskap av å være Humørbonden(r). Sjå eige punkt i hovedmenyen.

Fritidsaktivitetar og selskaplokale

Hjelmås Hestesenter og Bestefarstova er to avdelingar i Parmelia as som vert presentert separat, sjå hovedmenyen.

Bedriftsrådgjeving,
Geir Styve er dagleg leiar i Parmelia as og har lang erfaring som leiar og rådgjevar i næringslivet. Aktuelle aktivitetar som konsulent er ting som:

- vikariat for dagleg leiar eller andre leiane funksjonar i kortare/lengre periodar
- praktisk kvalitetssikring og HMS
- endringsprosessar, personalutvikling, coaching
- opplæring/kurs, enten på jobbstaden eller i eigna lokale

Taksering
Som godkjent NITO takstingeniør utfører Geir takstar innan verdi og lånetakst for einebustader og mindre næringseigedommar. Han har lenge hatt faste oppdrag for Sparebanken Vest og Nordea som byggjelånskontrollør.

Namnet Parmelia

Parmelia er det latinske mannet på lav. Namnet er valgt symbolsk for vårt firma; vi skal klore oss fast på gråstein, og aldri vekse særleg i høgda. Derimot kan vi breie oss i ringar utover, med tida.

 

parmelia er lav

I Australia er namnet Parmelia brukt på ein bydel i Kwinana.

Kwinana (a city in South West Australia) was named after the SS Kwinana, a ship that was driven ashore there in 1922. Some of its suburbs take their names from the sailing ships that first brought immigrants to Western Australia, for example Medina, Calista and Parmelia.The barque Parmelia, built in Quebec, Canada in 1825, 117 feet long and of 443 tons, was hired to transport Lieutenant-Governor James Stirling and the first group of free settlers to Swan River (Australia) to establish a colony there in 1829.   Escorted by H.M.S. Sulphur she left England in early February 1829 and hove to off Garden Island on the 31st May.   Two days later "Parmelia" was nearly lost when she ran aground on the southbank which bears her name.   She was destroyed by fire in an English dockyard on the 1st May 1839.

Parmelia Australian Silky Terriers has been showing and exhibiting in Perth Western Australia since 1980





Tank Design